Details page

Steinbrot Borgarøya


Foto: Frode Pilskog
Steinbrot. Kalk/marmor steinbrot. Ligg om lag 50 m S for kolkaia. Godt synleg. Vanskeleg å avgrense brotet pga. lyng. Spor etter bor i berget fleire stadar. I 1910 skriv Sunnmørsposten om ein ung mann Laurits Dimmestøl som har teke til med ein ny industri, hogging av gravsteinar. Han kan og tilby gravsteinar i marmor, ekte sunnmørsk marmor. "Marmoren tek han hos Hans Osnes på Hatløyi i eit brot han nyst hev funne der". Dimmestøl var svigerson til Hans B. Osnes, eigaren av Borgarøya frå 1899. H.B. Osnes døde i 1958. Dimmestøl hadde ulike steinbrot blant anna på "Ugleberget" på Dimna, Breivik i Sande og i Volda. For å frakte steinen kjøpte han seg ein litan båt han kunne ro og segle med. Dimmestøl laga gravsteinen til fyrbyggaren Martin O. Mork som i dag er hjå Dalsfjord Fyrmuseum og monumentet utanfor Ulstein kyrkje over sjømenn frå Ulstein som har kome bort på havet.


Steinbrot Borgarøya


Foto: Frode Pilskog

Steinbrot Borgarøya


Foto: Frode Pilskog