Foto: Frode Pilskog
Fyrlykta på Vattøyskjeret er ei malmlykt med Fresnell linse. Skjerming på både linse og vindauge. Okkulterane Oc (3) WRG 12s. 12 sektorer. Fyrlykta vart sett opp i 1951, med sjølve lyktehuset er eldre. Mest sannsynleg stammar lyktehuset frå fyrlykta på Dimnasundholmen. Opphavleg vart lyktehuset sett opp der i 1920 og teke ned i 1951. Lyktehuset er produsert av S.H. Lundh i Christiania. Fyrlykta tronar godt synleg på toppen av ein knaus 35 moh.Publisert av: Stiftinga Sunnmøre MuseumSist endret: 2019-03-13