Details page

Flatholmen fyrstasjon


Flatholmen fyr blei tend den 1. september 1862. Det blei sett opp som eit ledfyr for Tananger hamn. Det første tåkesignalanlegget i Norge av typen tyfon ble installert på Flatholmen fyr i 1932. Fyret blei kjend i heile landet på grunn av innsatsen til to fyrvoktardøtre under eit uver i 1894. Faren og to av sonene hans hadde tidlegare på dagen rodd ut mora og den tredje sonen til Stavanger. På vegen tilbake ble han og dei to sonene overrumpla av ei haglbyge og kantra. Døtrene, som hadde vore igjen på fyret, blei vitne til ulukka. Dei hasta ut med ein pram, men då dei nådde fram fann dei berre ein av brørne flytande på ei åre. Dei fekk broren opp i naustet og heldt deretter på med opplivingsforsøk som først lukkast etter fleire timar. Samstundes passa dei på at fyrlyset var på heile natta igjennom. Først neste dag fekk systrene hjelp. Som takk for heltemodig innsats fekk det eit gullur kvar av frimurarane og 50 kr. frå staten.