Details page

Båtvraket på Osnessanden


Foto: Frode Pilskog
Vraket på Osnessanden. Båten stammar frå første halvdel av 1800-talet. Ekstra hud og spor etter reparasjonar tyder på at båten var gamal då den vart vraka. Segna fortel at Hild frå Hetland kom siglande inn leia i denne båten. Ho var med far og brødre på fisketur då det blåste opp. Dei batt Hild til masta før dei sjølve kom bort. Ved Osnes var det stor redningsaksjon for å redde Hild. Ho gifta seg i bygda og vart verande her. Ei alternativ forklaring er at båten låg for reperasjon ved Håkonsholmen eller Hatløya då han sleit seg.


Båtvraket på Osnessanden


Foto: Frode Pilskog

Båtvraket på Osnessanden


Foto: Frode Pilskog

Båtvraket på Osnessanden


Foto: Frode Pilskog