Details page

Skipsvraket MK Egil


Foto: Frode Pilskog
Vraket av MK "Egil" er freda av Riksantikvaren. "Egil" M-48-U vart bygt som siglar i Romsdalen i 1903. Ved merkeregistrering i 1920 var båten 50,1 fot lang og 14 fot brei med ein 16 hk Gideon motor. Motoren var sett inn i 1908. I 1924 vart båten forlenga og fekk ny motor 34 Gideon. I 1934 fekk båten innsett ny 50 hk Skandia motor. I 1939 vart MK Egil ombygt ved Hatlø mek. verksted og vart då 53 fot lang og 15,5 fot brei. I 1965 vart båten meldt kondemnert. "Egil" hadde tilnamnet "Kippa" og "Flæsa". I bakgrunnen ser ein den gamle fyrvesenbåten "Helnes" som vart nytta under gjenreisinga i Finnmark.


Skipsvraket MK Egil


Foto: Frode Pilskog

 

 

Skipsvraket MK Egil


Foto: Frode Pilskog