Details page

Ishuset i Hellandsvågen


Foto: Frode Pilskog
Ishus i Hellandsvågen. Ishuset skal ha blitt støypt i betong på 1920-talet. Innvendig var det tidlegare kledd med kork. Utanfor ligg ei demning og restane etter ein isdam. Om vinteren skar ein is og lagra den i ishuset. Isen vart brukt til å kjøle laks. Sesongen for laksefiske var mai, juni og juli. Fisken vart som regel levert til Måløy. Ishuset vart siste gong nytta under laksefisket i 1969.


Ishuset i Hellandsvågen


Foto: Frode Pilskog

Ishuset i Hellandsvågen


Foto: Frode Pilskog