Sjøflyhamna i Sømmevågen

Sjøflyhamna i Sømmevågen


Sjøflyhamna i Sømmevågen, inst i Hafrsfjord, var den første lufthamna i Rogaland. Anlegget besto av ei lita brygge som ikkje såg ut til å ha noko med flyging å gjere. Viggo Widerøe starta i 1934 med ei kystrute frå Oslo og rundt Sørlandet til Haugesund. Eit fire seters Wasco-fly kom støtt og sikkert med post og passasjerar. Flygingane viste at luftfart hadde ei framtid i Norge. Dei to store rederia, Det Bergenske Dampskipsselskap og Fred Olsen, greip sjansen og starta Det Norske Luftfartsselskap (DNL). Selskapet overtok nokre av Widerøe sine interesser, og opna i 1935 ei regelmessig sjøflyrute mellom Oslo, Arendal, Kristiansand, Stavanger, Haugesund og Bergen. DNL sitt første fly, "Ternen", ein ein-motors Junker W 34, hadde plass til seks passasjerar og hadde ei marsjfart på 235 kilometer i timen. I 1937 blei Stavanger lufthamn, Sola opna som den andre i Europa med fast banedekke. Rogaland ble dermed bunde betre saman med resten av landet. På denne tida fanst ikkje jernbaneforbindelse med Oslo og vegane ut av fylket var svært dårlege.