Details page

Kvassheim fyr


Kvassheim fyr blei tent den 20. oktober 1912, dermed var heile den farlege Jærkysten sikra med fyrlys. På det tispunktet hadde Fyrvesenet arbeidd i nærare 60 år for å sikra skipsleia forbi det farlege havstykket. I 1916 fekk fyret eit elektrisk drive hornsignal, og førti år seinare blei det installert eit tåkesignalanlegg av typen tyfon. Fyret sto til nedfalls etter at det vart sløkt og fråflytta i 1990. Kvassheim hadde ikkje blitt verna av Riksantikvaren i motsetnad til dei andre fyra langs jærkysten. Det var fleire som ønskte å overta fyret, mellom anna Hå kommune, men ingen ting skjedde. Kystverket bestemte at Kvassheim skulle seljast i 2000. Jæren frilusftsråd kom samstundes på banen for å overta fyret, og leggja det tilrette for ålmenheita. i 2004 overtok Direktoratet for naturforvaltning fyret. Tre år seinare hadde Jæren friluftsråd etablert eit kafetilbod og eit møtelokale på staden. Seinare har det blitt sett opp utstillingar i fyranlegget om redningshistorie og kulturhistorie knytt til området rundt Kvassheim fyr.