Obrestad fyr

Obrestad fyr


Obrestad fyr blei tent i 1873. Kystfyret blei bygd etter oppmodoing frå både skipparar og reiarar om betre fyrsikring av jærkysten. Det var i utgangspunktet ein solid fyrbygning som var hogd i stein, med plass til fyrvaktar og -assistent. Ei tårnlykt var sett inn i den vestre gavlveggen. Fyranlegget blei etter kvart utvida med eigen fyrvaktarbolig og tåkesignal. Etter andre verdskrigen blei det sett opp eit betongtårn for fyrlyset, og nye bustader for heile beteninga. Fyret blei automatisert og avfolka i 1991 og i 2006 kjøpte Hå kommune fyret for å nytta det til historie- og kulturformidling.