Varden Sjøredningsmuseum

Varden Sjøredningsmuseum


Varden Sjøredningsmuseum opna i 1977, samme år som nedlegginga av dei  siste redningsstasjonen på Jæren. Sjøredningsstasjonane hadde vore operative langs Jærkysten sidan 1854. Desse var utstyrte med eit rakettapparat med line som kunne skytast ut til dei som var i havsnaud. Dette gjorde det mogleg å hale i land dei skipbrotne med redningsstolar. I 1933 overtok Redningsselskapet alle redningsstasjonane. I 1966 var det til saman 42 redningsstasjonar i Norge, den nordligast på Bjørnøya. Utviklinga av andre redningshjelpemiddel gjorde etter kvart desse stasjonane overflødige. Det var særleg helikopteret som tok over redningstasjonane sine oppgåver. Det blir arrangert ein redningsdag i tilknytning til Varden Sjøredningsmuseum i mai kvart år. Der kan ein oppleve demonstrasjon av gamalt redningsutstyr.