Details page

Losnaust i Hellandsvågen


Foto: Håvard Hatløy
Losnaust på Helland på Sandsøya. Losane måtte få båten raskt sjøen for å konkurrere om oppdrag. Frå losskipnaden kom til 1720 og heilt fram til 1920 var det losar på Helland. Losar vi kjenner til frå dei to bruka på Helland er Knut Sandanger Helland (1715-1776), Jon Knutson Helland (1737-1802), Knut Jonson Helland (1780-1848), Jakob Folkestad (1828-1923), Ola Hanson Helland (1813-1834), Sivert Hansson Helland (1821-1907) og Severin Jonson Våge Helland (1860-1920). I tillegg bygsla Ole Andreasson (1851-1911) ein plass under Helland. Andreasson vart tilsett som fast los i 1882. Ole Andreasson og Severin Helland eigde skøyte saman. Både to kunne lose til Kristiansund og Trondheim. I tillegg kunne dei føre skip gjennom Storfjorden til Geiranger. Severin vart den siste losen på Helland, då han slutta i 1919


Losnaust i Hellandsvågen


Foto: Frode Pilskog

Losnaust i Hellandsvågen


Foto: Frode Pilskog