Details page

Herøy gard


Foto: Håvard Hatløy
Herøy gard er ein gamal kyrkjestad, prestegard og handelsstad. Øya har vore ein samlingsstad for folk i området i over 1000 år. Tuft etter to kyrkjer med gravplass. Handelsstaden, Herøy Gard, er i dag museum. I Herøyfjorden ligg ei klynge av små øyar og holmar. Lengst sørvest mot Flåvær, ligg øya Herøy. Ho er nemnd i soga fleire gongar, m.a. fordi ho ligg ved skipsleia og var ei god hamn for dei sjøfarande. Olav Haraldson låg ved Herøy med skipa sine i 1027 og venta på leidangsmannskapet frå Sunnmøre. Snorre fortel om møtet med vikingen og ransmannen Karl Mørske som baud seg til å vere kongens mann og fare til Færøyane og krevje inn skatt.