Details page

Flåvær fyr


Foto: Håvard Hatløy
Flåvær fyr ligg på Varholmen. Fyret vart oppretta i 1870. Tårnet står på ei kvit trehus 13,8 m høgt. Fyrlykta var fransk av 4. orden. Det opphavlege apparatet vart skifta ut i 1887. Fyret vart bygt om og ei ny lykt vart installert i 1914. I 1952 vart fyret elektrifisert med straum frå det lokale nettverket. Eit maskinhus vart sett opp som reservekraft. Her stod det ein 6 hk dieselmotor med generator. Fyrstasjonen vart automatisert og avfolka i 1979. Flåvær ligg langt ut mot havet, der bårebrotet og draget i sjøen sjeldan ligg i ro. Flåvær er ei samling av holmar som ligg i rekkje frå vest og austover. Lengst vest står Flåvær Fyr, deretter kjem Varholmen, Husholmen, sjølve Flåvær og lengst aust Torvholmen. Rett nordanfor denne rekkja ligg Sandøya og fleire mindre holmar og skjer. Det er mellom her Flåværhamna ligg. Innseglinga nordanfrå er merka med to gamle steinvardar. Rundt om på berga ligg mange fortøyingsboltar med tørneringar. Fortøyingsmerka er haldne ved like og er godt synlege


Flåvær fyr


Foto: Frode Pilskog

Flåvær fyr


Foto: Frode Pilskog

Flåvær fyr

Flåvær fyr


Foto: Frode Pilskog

Flåvær fyr


Foto: Frode Pilskog

Flåvær fyr


Foto: Frode Pilskog

Flåvær fyr


Foto: Frode Pilskog

Flåvær fyr

Flåvær fyr


Foto: Frode Pilskog

Flåvær fyr

Flåvær fyr


Foto: Frode Pilskog

Flåvær fyr


Foto: Frode Pilskog