Details page

Erkna fyr


Foto: Frode Pilskog
Erkna fyr Oc (3) WRG 10s. 25.januar 1870 tentes eit fast raudt lys i ei 6. orden fyrlinse. På toppen av den tidligare ubebudde øya stod det no ein litan fyrbustad. Lyset lyste i 2,5 måneder i samband med vinterfisket. På omlag same tid tok staten over Alnes og Synes fyr. Saman gjorde dei tre fyra det tryggare for fiskerane i området. I 1892 var tårnet bygt høgare og eit nytt blinkapparat vart installert. Den gamle raudlysande fyrlykta vart teke i bruk som bifyr. Tre år seinere vart lystida utvida til 10 månedar i året. Fyrbustaden vart forlenga i 1897, slik at fyrvaktaren sin familie kunne bu på fyrstasjonen. Under 2. verdskrig gjekk ubåtjagarar direkte frå Shetland til Erkan. I 1944 kom ubåtjagaren "Hessa". 1,5 tonn med utstyr vart lossa og lagra i Sauehola. Utstyret herifrå vart frakta til andre stadar der ein oppretta hemmelege radiostasjonar. I mars 1945 skaut allierte fly Erkna fyr i brann. I åra 1948-50 vart fyret bygt opp att. Stasjonen vart gjort om til tørnstasjon. Maskinhus og tårn var i det samme betongbygget. Lyset vart tent i ei 4. ordens linse fra det engelske firmaet Chance Brothers. På grunn av vanskelege landingsforhald, vart det bygt tre landingar. To av desse med landingskar med kran og tralle. Frå 1970 nytta ein helikopter. Fyret vart automatisert i 1988 og avmanna året etter. Sidan 2004 er fyret leigt ut til private som gjer det mogleg vitje fyret. I 2010 vart øya Erkna freda som naturreservat for å ivareta fuglelivet. Ein kan difor ikkje vitje fyrstasjonen og øya i tidsbolken 1.mai til 1. august.


Erkna fyr


Foto: Frode Pilskog

Erkna fyr


Foto: Frode Pilskog

Erkna fyr


Foto: Frode Pilskog

Erkna fyr


Foto: Frode Pilskog

Erkna fyr


Foto: Frode Pilskog

Erkna fyr


Foto: Frode Pilskog

Erkna fyr


Foto: Frode Pilskog
Fyrtårnet med maskinrom vart bygt i åra 1948-1950

Erkna fyr


Foto: Frode Pilskog
4. ordens fyrlinse frå det engelske selskapet Chance Brothers

Erkna fyr


Foto: Frode Pilskog