Details page

Landgangsvor Båtvik


Foto: Frode Pilskog

Landgangsvoren Båtvik vart bygt i 1834. Amtet tok kostnadane ved bygginga. Sjur Knutsson Gardshol fekk betalt for bygginga. Voren vart nytta som ein del av hovedveg og postsambandet. Vegen frå Ulsteinvik til Dimnasund vart vedteken 1829. Forlenginga fram til Båtvika og bygginga av landgangsvor var ein del av denne vegen. Dei nærmaste vorane var Leikanger og Ulsteinvik. Hausten 1844 var voren skada av sjøgang og storm. I 1845 vart det difor bygt opp ein ny vor, 26 alner lang, 6 alner brei i fundamentet og 4 alner brei i toppen. Kostnaden på 16 spesidaler vart dekt av amtet. Allereie året etter bestemte amtmannen at hovedvegen skulle leggast om og gå bort til postopneriet Botnen. Det var enklare å ha ein landgangsvor som låg nærmare postopneriet og ein bygde ein ny vor, Botnen vor. Båtvik vor gjekk ut av hovedvegsambandet og postruta i 1848.



Båtvik vor


Foto: Frode Pilskog

Båtvik vor

Båtvik vor


Foto: Frode Pilskog

Båtvik vor

Båtvik vor


Foto: Frode Pilskog

Båtvik vor

Båtvik vor


Foto: Frode Pilskog

Båtvik vor. Restar av toppdekket til voren. Mesteparten av dekket er borte på grunn av sjøgang.

Båtvik vor


Foto: Frode Pilskog

Båtvik vor