Details page

Haugsholmen fyr


Foto: Frode Pilskog
Haugsholmen fyr ligg på vestre Frekøy. Fyret vart oppretta i 1876. Fyrlykta er plassert på hjørnet av fyrbygninga. Det vart i tillegg sett opp eit uthus og ei oljebod. I 1911 sette arbeidsformann Anders Folkestadås og gjengen hans opp ei ny fyrlykt og laga til klippsektor. I 1939 vart det bygt ein liten bolig til reservebetjenten. Fyret vart skada under eit alliert flyangrep i 1945, men vart tent igjen i november same år. Fyret vart elektrifisert i 1952. Som reserve vart uthuset forlenga med eit maskinrom. I maskinromet stod ein dieselmotor med generator. Reservebetjentboligen vart solgt til nedriving. I 1980 vart fyret avfolka. Fyrkarakteren er Oc(2) WRG 10s. Haugsholmen fyr var det siste fyret i Norge som vart solgt i 2007. Sande kommune eig fyret, men Foreininga Frekøy fyrstasjon vedlikeheld fyrstasjonen og kulturlandskapet rundt.