Details page

Utvær fyr


Foto: og grafikk Arild Fredriksen
Utvær fyr vart tent fyrste gong den 15. september 1900, og er Noregs vestlegaste fyrstasjon. Fyret vart bomba av allierte styrker mot slutten av andre verdskrig, og under gjenreisinga etter krigen vart eit vesentleg mindre lyktehus gjeninnsett; noko som forklarar den særeigne proposjonen på fyrtårnet. Utvær fyr vart avfolka i 1982. I dag har Kystverket inngått samarbeid med foreininga Vener av Utvær om ny bruk på fyrstasjonen. Staten ved Kystverket eig fyrstasjonen, som er freda etter kulturminnelova. Fyret og farvatnet - Til tross for at Utvær er det vestlegaste punktet på Norske-kysten vart det ikkje vurdert som fyrstad før på slutten av 1800-talet. Dette kom i stand etter oppmoding frå Bergen Kystskipperforening. Utvær si funksjon er som første landkjenning for sjøfarande som søker inn mot Sognefjorden. I 1952 vart det installert eit bifyr på taket av ei betongsisterne. Bifyret markera holmar og grunnar nord for Utvær.