Details page

Ulla fyr


Foto: og grafikk Arild Fredriksen
Ulla fyr vart oppretta i 1874. Opphavleg vart det bygd ei lita bygning på drygt 30 kvadratmeter, for vakthald i kortare periodar, men på slutten av 1800-tallet vart det utbetra til å være ein heilårleg familiestasjon. I oktober 1944 vart Ulla fyrstasjon råka av allierte bombefly. Skadane på var store på heile stasjonen, og både fyr og bustad måtte byggast på nytt etter verdskrigen. I 1950 vart det løyva 300 000 kroner til gjenreisinga av fyrstasjonen. Ulla fyr vart avfolka i 1975. I dag har Kystverket inngått samarbeid med lokale aktørar om ny bruk av fyrstasjon. Staten ved Kystverket eig fyrstasjonen, som er freda etter kulturminnelova. Fyret og farvatnet - Det var “den fiskande allmenta i Haram” som stod bak kravet om ein fyrstasjon på Kvernholmen utanfor Haramsøya. Kravet vart innfridd, og fyrstasjonen vart innvia i forkant av vinterfisket i 1874. Den fyrste tida skulle fyret bara brenne medan fiske på gjekk, men etter nokon år såg ein at fyret best kunne lyse heile året. I den samanheng vart fleire tilsett, stasjonen ombygd og fyrlyset oppgradert.