Details page

Svinøy fyr


Creative Commons 3.0 (BY-SA)Foto: Frode Pilskog
Svinøy ligger nord for det verharde Stad og gjev dei sjøreisande landkjenning. Frå gamalt av heitte øya Landegode. Fyrkommisjonen av 1851 vurderte fyrlys, men på grunn av den verharde plasseringa valte man ikkje å bygge her. I 1856 vart ein 8 m høg steinvarde sett som dagmerke. I 1903 byrja Ole Martin Mork frå Dalsfjord på bygginga av eit fyr. Mork hadde med seg eit mannskap på fem, samt ei kokke. I byrjinga måtte dei ligge i telt. Landinga måtte lagast av loddrette stigar og trapper. Naustet måtte settast opp 18 moh. Ein var avhengig av to kraner for å løfte båtane opp til naustet. Allereie i 1912 vart naustet knust av bølger, og eit nytt måtte støypast i betong. Fyret stod ferdig i 1905 med ei 2. ordens fyrlinse frå Paris. Fyrbetjentboligen hadde plass til 3 betjenter. To av betjentane kunne ha med familie. I 1938 vart det installert eit diafon tåkesignal og eit maskinhus til motorar, aggregater og kompressorar. Det vart og sett opp ny bustad tilfyrbetenten. Under 2. verdskrig var fyret besett av tysk militærpersonell. Fyret vart utsett for bombing 18. oktober 1940 og seinare skada av skot frå eit alliert fly. Fyret vart tent igjen 1. februar 1946 og eit radiofyr kom i drift same år. I 1952 var det ingen søkarar til fyrmesterstillingen. Ein valte difor å gjere fyret om til tørnstasjon. På grunn av dei vanskelege vertilhøve gjekk ein i 1970 over til helikopter som transportmiddel. Fyret avmanna og automatisert i 2005 etter hundre års drift. Fyrlinsa frå Paris vart frå 2011 til 2022 utstilt på Dalsfjord Fyrmuseum. Frå 2022 er linsa stilt ut på Alnes fyr


Svinøy fyr


Foto: Frode Pilskog

Svinøy fyr


Foto: Frode Pilskog

Svinøy fyr


Foto: Frode Pilskog

Ole Martin Mork var arbeidsformann ved bygginga av Svinøy fyr i 1903-05. I 1908-09 bygte Mork og mannskapet hans Sula fyr. Sula, Ytterholmen og Litløy fyr er bygt i tilsvarande arkitektonisk stil.

Svinøy fyr


Foto: Frode Pilskog

Svinøy fyr


Foto: Frode Pilskog

Arbeid på fyret

Svinøy fyr


Foto: Frode Pilskog

Opphavleg stod det eit lynblinkapparat med 2. orden fyrlinse frå Paris i fyret. Dette vart bytta ut med eit halogen lys. Den originale fyrlinsa frå Svinøy står i dag utstilt hjå Dalsfjord Fyrmuseum 

Svinøy fyr


Foto: Frode Pilskog

Landinga på Svinøy består av bratte stigar og trapper.

Svinøy fyr


Foto: Frode Pilskog

Naustet og øvste kran på Svinøy. Folk, båtar og dyr måtte heisast 18 m opp med to kraner.

Svinøy fyr


Foto: Frode Pilskog

Landinga på Svinøy er så utilgjengelig at sjølv i godt ver kan ein vere avskåre i fleire veker. Fyrvaktarane måtte proviantere for 6 måneder.

Svinøy fyr


Foto: Frode Pilskog

På austsida av Svinøya vart det sett opp ei reservelanding med eit mindre naust i betong. Under ein storm på 1960-talet vart skinnegangen, saman med betongfundamentet i heile si lengde slått opp og øydelagt.

Svinøy fyr


Foto: Frode Pilskog

Svinøy fyr ein vinterdag