Details page

Handelstaden Storholmen


Foto: Frode Pilskog
I 1880 kjøpte Gerhard C. Brekke (1858-1940) eit stykke av Storholmen. Brekke gifta seg med Elisabeth Gaustad, dotter til fyrvoktaren på Haugsholmen fyr. Brekke var utlærd bakar og tranbrennar. Det største huset, ei tre etasjer høg sjøbud vart flytta frå Haugsholmen til Storholmen. Her var det salteplan for fisk, butikk, bakeri og rom for overnatting. Den minste sjøbuda vart sett opp 1914 og våningshuset i 1894. Murhuset frå 1905 var i si tid blant dei mest moderne på Sunnmøre. Murhuset inneheld både butikk, bakeri med ein diger bakaromn og rom for utleige. Huset var sett opp av ein dansk murar. I 1907 gifta Gerhard seg på nytt, denne gong med Elisa Malme, dotter til fyrvoktaren på Haugsholmen fyr. Frå 1908 gjekk Søndmørske Dampskibsselskap i rute her to gongar i veka. Handelen gjekk til vanleg føre seg til Bergen. Storheitstida til Storholmen kan reknast til 1914-18. Frå 1919 byrja handelen å gå ned. Brekke døde i 1941 og handelstaden vart selt.


Handelstaden Storholmen


Foto: Frode Pilskog
Murhuset frå 1905 var i si tid blant dei mest moderne på Sunnmøre. Murhuset inneheld både butikk, bakeri med ein diger bakaromn og rom for utleige. Huset var sett opp av ein dansk murar. Mursteinane som huset er bygt av var opphavleg tiltenkt eit anna byggeprosjekt. Skuta som frakta mursteinen forliste, men Gerhard Brekke kjøpte lasta.

Det bor en gammel baker på en bitte liten øy


Foto: Frode Pilskog
Bakeriet på Storholmen. Lyrikaren Inger Hagerup (1905-1985) var godt kjent i området, og det er mogleg at bakaren på Storholmen var inspirasjon til eit av hennar dikt.

"Det bor en gammel baker på en bitte liten øy. Han er så lei av kaker og krem og syltetøy. Men han må sitte likevel og spise sine kaker selv. For han bor helt alene på en bitteliten øy. Når små og store båter går dampende forbi, da sitter han og gråter i sitt varme bakeri, og spiser loff og fattigmann, for ingen kunder går i land. Og han er helt alene på en bitte liten øy. Det var en gammel baker på en bitte liten øy. Han åt for mange kaker med krem og syltetøy. Forleden dag så satt han død midt i en haug av wienerbrød. Og nå bor ingen baker på en bitte liten øy".

Handelstaden Storholmen


Foto: Frode Pilskog
Den største sjøbuda vart flytta frå Haugsholmen i 1880. Den minste vart sett opp i 1914.