Details page

Jærbanen


Jærbuen såg så visst nytten i dampskipa. Dei hadde til og med tankar om få bygt si eiga dampskipshamn. Interesserte jærbuar meinte at Saltebukta i Klepp måtte kunna byggjast ut for dette formålet. Den skulle bli naud- og ventehamn for dei mange sildefiskarane som vintersdag var på veg til og frå sildefelta nord på kysten og ei godshamn for Jæren. Frå hamna skulle det gå eit nett av lokomobilar – dampdrivne ”landevegslokomotiv” – med tilhengarar på slep frå Madla i nord til Ogna i sør. Lokomobilane skulle føra last til og frå skipa. Slik vart det ikkje. Tida var komen for jernbaneutbygging. Jærbanen vart det store prosjektet for Jæren. Jærbanen opna Jæren frå 1878, for nye økonomiske muligheter, for ei nærare tilknyting til landet. Den var ein del av nasjonsbyggingprosjektet.


Jærbanen

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset