Details page

Jærkysten i kunsten


Foto: Kitty Kielland: Slåttonn på Kvalbein, Jæren, 1884. Eies av Stavanger kunstmuseum. Foto: Blomqvist kunsthandel.
Jæren – lite tiltrekkjande. Det var karakteristikken langt innpå 1800-talet. Skrivande folk sørgde for å halda oppe denne tanken, lenge. Kunstmalarar fann det ikkje bryet verdt å besøka denne delen av landet. Men så snudde det – litt etter litt. Frå sist på 1870- åra fann kunstmalarar vegen til jærs, etter kvart mange. Jærmaleriet utvikla seg til ein eigen sjanger og vart akseptert i hovudstaden sine salongar. Jæren hadde med Arne Garborg sine ord, blitt poesi. Forfattarar tok til å skiva rosande og lyrisk om landskapet. Jæren var ikkje lenger eit ”terre incognita”, men ein del av den nye nasjonen.


Jærkysten i kunsten

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset