Details page

Havari


Jærkysten var lenge frykta av sjøfolk. Mellom Sirevåg og Tanagner er det berre nakne sand- og steinstrender og ingen stader å søke naudhamn. Frå sjøen er silhuettane av fjell godt synlege, men dei langgrunne strendene og det flatelandskapet synest ikkje like godt i uver og i skumringa. Såleis kunne sjøfolk bli leda til å tru at dei var langt frå land. Seglskutene var spesielt sårbare for ulykker, dei hadde ingen motorkraft som ga deiframdrift i ein bestemt retning. Dei kunne ligge og stange mot stormen og bli fylte av vatn, få riggen brekt eller roret skada. Ofte endte seilasen på ei av jærstrendene.


Havari

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset