Details page

Kystreise - ei reise langs rogalandskysten gjennom 200 år


Havet har vore ein føresetnad for vekst, utvikling og kommunikasjon i Rogaland. Havet utanfor Rogalandskysten er stundom ein farleg farveg.Fyra utgjorde saman med lostenesta, sjømerka  og hamner ein maritim infrastruktur som var ein føresetnad for påliteleg sjøtrafikkavvikling døgnet rundt. Noko som i sin tur sytte for stabile handelsforbindelsar både med inn- og utland. Parallelt med fyrutbygginga på 1800-talet blei det sett opp redningstasjonar på Jæren. Forlisa blei færre og enda færre dog som følgje av desse sikringstiltaka. Sjøen er framleis livsåra i Rogaland og på Jæren. ”Oljå” er ute på havet og Kårstø er Europa sin største utskipingshamn for gass. Ferdsla sikrast med moderne teknologi på Hovudredningssentralen i Sola og sjøtrafikksentralen på Kvitsøy.


Kystreise - ei reise langs rogalandskysten gjennom 200 år

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset