Details page

Alnes fyr


Foto: Frode Pilskog
Alnes fyr Oc (2) WRG 8s. Borgund kommune bygde Alnes fyr som eit privat fiskefyr i 1853. Lyset kom frå fire talglys som stod i ei lita fyrstue. Lyset skulle vere svakt, fordi ein ikkje skulle forveksle fyret med lyset frå Runde fyr. Alle som deltok i fisket skulle betale ei avgift til drift og vedlikehald av fyret. I 1859 tok Borgund kommune kontakt med Staten med ønske om at Staten skulle ta over drifta. Fyrdirektøren takka nei ettersom fyret var av liten interesse for skipsfarten, og fordi at fiskare ikkje kunne ha behov for fyret når dei ikkje ville betale avgift. Fyret vart lagt ned i 1861. I 1869 bygde Staten ei lykt som kunne heiast opp i ei mast. I 1872 vart det bygd ei fyrbygning for å gjere det lettare å passe på lykta. Ein fyrvaktar vart tilsett i 1876 og ei fyrvokterbolig vart sett opp same år. I 1892 vart fyrbygninga flytta høgare opp på øya. Fyrtårnet vart også utvida og bygt høgare. Eit 4. orden fyrapparat var innstallert i 1905. I 1928 vart det lagt inn straum frå det kommunale kraftverket. Eit nytt fyrtårn av vinkeljarn og ytre trekledning vart bygd i 1938. Alnes fyr vart automatisert og avmanna i 1982.


Alnes fyr


Foto: Frode Pilskog

Alnes fyr


Foto: Frode Pilskog

Alnes fyr


Foto: Frode Pilskog

Alnes fyr


Foto: Frode Pilskog

Alnes fyr


Foto: Frode Pilskog