Details page

Hendanes fyr


Foto: Frode Pilskog
Hendanes fyr Oc WRG 8s. Hendanes fyr vart tent 25. november 1914. Dette var til stor glede for fiskarar og eit stadig aukande antal fiskeribedrifter i Vågsøy og Måløy. Nærmaste nabofyr er Kråkenes fyr, oppretta 8 år tidlegare. Fyret har ei spektakulær beliggenheit 45 m opp i ei fjellside. For å kome seg til fyret måtte ein bygge ein 675 m lang veg. Fyrstasjonen bestod av ei hovedbygning, eit uthus, eit naust og ei oljebud. Ei 2. ordens fast Fresnellinse, med glødelampe og eit klippapparat, sørga for eit relativt sterk lys. Fyrapparatet og linsa vart henta frå Lille Torungen fyr som vart lagt ned same år. Mot slutten av 2. verdskrig vart fyrstasjonen angrepen av allierte fly. Fyrvaktar, fyrkone og ein son vart skada. Sonen var alvorleg skada og måtte fraktast ned den bratte skråninga til sjøen. Deretter gjekk turen vidare i båt til Måløy og med redningskøyte til sjukehuset i Florø. I 1952 vart fyrstasjonen lagt ned som stasjon med fast betjening. Fyret vart erstatta med ei fyrlykt. Ei Dalen gasslanterne vart montert. Tre år etter vart det lagt opp straum til fyret. I 1955 vart fyret elektrifisert med aggregat i reserve. I 1963 vart det bygt radiofyr her. På 1980-talet vart fyrbygninga overlatt til eit lokalt fiskarlag. Diverre er fyret og ferdselvegen prega av forfall og er i lite bruk. Ferdsel til fyret må gjerast på eige ansvar.


Hendnes fyr


Foto: Frode Pilskog

Hendanes fyr


Foto: Frode Pilskog