Details page

Nøre Vaulen


Foto: Frode Pilskog
Nøre Vaulen, mudring. Tidlegare låg Nøre Vaulen tørr ved lavvatn i ei 350 m lengde. Båtar kunne ikkje passere og fiskare måtte segle lange omvegar. Havnevesenet byrja å mudre og utdjupe Nøre Vaulen frå 1874 til 1877. Då laga ein ei 500 m lang renne som ved lavvatn var 1,8 m djup. Renna var 16 m brei. I NØ del av renna vart det sett opp ein 200 m lang steinmur for å trygge ho mot brottsjø. I tillegg vart det sett opp fire sjømerker ved innlaupa. I 1881 måtte ein ettermudre. I 1895 meldte ein at renna var så gjenfyllt at ein kunne springe over med sjøstøvlar. Stortinget bevilga meir pengar og ytterlegare arbeid vart utført 1898-1901. Ein jete vart bygt i 1909-1911. Utover 1900-talet vart det gjennomført fleire utbetringar og utdjupingar som sikra skipstrafikken gjennom Vaulane


Nøre Vaulen


Foto: Frode Pilskog

Nøre Vaulen


Foto: Frode Pilskog

Nøre Vaulen


Foto: Frode Pilskog