Details page

Søre Vaulen


Foto: Frode Pilskog
Søre Vaulen. Igesundvaulen. I 1870 skreiv oppsynsjefen for vaarsildfisket til departementet for at Hamnedirektøren skulle kome på synfaring. Dersom søre og nøre Vaulen vart utdjupa og gjort farbar ville dette bli den raskaste og tryggaste vegen mellom Stat og Breisundet. Arbeidet med utdjupinga av Søre Vaulen starta i 1870. Då vart det opparbeida ei 5 m brei renne med ei vassdybde på 1 m ved lavvatn. Arbeidet fortsatte fram til 1877. I 1875 hadde ein murt ein 210 m lang dekningsmur. Kronebredda var 3 m og høgde over lavvatn 2,25 m. Søre Vaulen vart ytterligare mudra i 1913. På slutten av 1960 vart renna ytterlegare gravt ut slik at større båtar kunne passere.


Søre Vaulen


Foto: Frode Pilskog