Details page

Grasøyane fyr


Foto: Frode Pilskog
Grasøyane fyr Oc (2) WRG 8s. 14 lyssektorer. Fyret vart oppretta i 1886 for å betre innseglinga til Breisundet. Tårnapparatet stod på toppen av fyrboligen. Det vart sett opp uthus med fjøs og vedskur, samt eit naust. Landinga er langgrunn, så båtopptrekket er 90 m langt. Fyret vart skada av allierte fly i 1945. Eit nytt fyr vart bygt i 1950. Det 16 m høge støypejarnstårnet er det siste som vart bygt i Norge. Tårnet er raudmala med eit kvitt belte. På toppen av tårnet står eit 3 m høg lyktehus med eit Fresnel 4. ordens fyrapparat. I maskinhuset av betong er det verkstad og vakt og radiorom. Frå 1970 tok ein i bruk helikopter i samband med tørnstasjonane Grasøyane og Svinøy. Fyret vart automatisert og avmanna i 1986. Som ny energikjelde vart det sett inn eit solcelleanlegg som på den tid var det største i Norge. Riksantikvaren freda fyrstasjonen i 1999.


Grasøyane fyr


Foto: Frode Pilskog

Grasøyane fyr


Foto: Frode Pilskog

Grasøyane fyr


Foto: Frode Pilskog

Grasøyane fyr


Foto: Frode Pilskog

Støypejarnstårnet og motorhuset frå 1950.

Grasøyane fyr


Foto: Frode Pilskog

Det 16 m høge støypejarnstårnet og motorhuset. Fyrtårnet var det siste av sitt slag som vart sett opp i Norge

Grasøyane fyr


Foto: Frode Pilskog