Details page

Kollsnes


På vestsida midt i Øygarden ligg Kollsnes gassprosessanlegg. Anlegget vart opna i 1996. Statoil har ansvar for drifta medan Gassco har opertøransvar. På Kollsnes vert gassen frå felta Troll, Kvitebjørn og Visund behandla. Trollfeltet er det største gass- og oljefeltet i Norge og la grunnlaget for den største forretningsmessige avtalen som er inngått i verdas petroliumshisorie. Gassen frå Kollsnes vert eksportert via fire røyrsystem til Frankrike, Nederland, Belgia, Tyskland, Tsjekkia, Østerrike og Spania. Tilsaman utgjer rørledningane frå norsk sokkel til norsk fastland og vidare til kontinentet ein total lengde på 6600 kilometer. Dette tilsvarar avstanden frå Bergen til Chicago. Kollsnes og terminaler på Vestlandet er hjartet i dette systemet. Totalt kan anlegget på Kollsnes årlig produsere fire ganger så mye energi som norsk vannkraft.


Med olje og gass til Europa og verden

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset