Details page

Toftestallen


Foto: Jan-Robert Jore
Toftestallen var Norges første faststående bølgekraftverk, bygd i Øygarden, Hordaland, på 1980-tallet, av industriselskapet Kværner. Bølgekraftverket var i drift i tre år før det vart øydelagt i ein storm i 1988. I 1985 bygde selskapet Norwave eit kilerenne-kraftverk ved sida av Kværners anlegget. Dette var i drift fram til 1991. I dag er det berre ruinar att av anlegga som døme på  kva naturkreftene kan utretta. Kilerenneprinsippet. I Øygarden freista Norwave å realisere sitt kilerenneprosjekt  på Toftestallen, blant anna med sikring mot ukontrollerbare naturkrefter. Prinsippet bak dette kraftverket var ein slags hybrid mellom bølgje- og vasskraft, der bølgjene slo inn mot ei «trakt» i kystlinja.  Inst i trakta fekk den samanpressa bølgja eit kraftig trykk (som å klemma i enden av ein vass-slange). Vassmassane trefte her byrjinga av ei renne og det høge trykket gjorde at vatnet steig opp langs denne renna. Renna leia vatnet over i eit magasin, som det rann ut frå gjennom eit rør - ein turbin, akkurat som i eit vanleg vasskraftverk. Norge låg heilt i front innan bølgjekraftforskning på 80-talet, men manglande satsing har sidan ramma sektoren hardt.


Elektrisk kraft frå bølgjene

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset