Details page

Sommarfjøsen på Skorpa


Foto: Frode Pilskog
Sommarfjøsane på Skorpa, restaurert 1991-93. Sommarfjøsane vart mykje nytta i samband med motstandskampen under 2. verdskrig. Dette var ein av dei viktigaste møtestadane mellom norske motstandsfolk og agentar. Skorpa vart teken i bruk allereie i det første krigsåret, då engelske soldatar låg i dekning før dei vart ført vidare med fiskebåtar til Shetland. Dei første krigsåra var det stort sett fiskeskøyter som vart nytta i denne trafikken, men frå 1943 fekk Noreg større og tryggare fartøy. Den første turen til den nye ubåtjagaren "Hitra" i 1943 var til Skorpa for å hente elleve mann som låg i dekning i sommarfjøsen. Hit kom også radioagentar og sabotørar som skulle reise vidare på oppdrag. Sommarfjøsen er vanskeleg å få auge på frå sjøen, noko som gjorde det vanskelig å avsløre staden. Skjulestaden vart ikkje avslørt i løpet av krigen, men dei to som stod i brodden for motstandsarbeidet, Gerhard Skorpen og Johan Skorpen måtte begge rømme til Shetland.


Sommarfjøsen på Skorpa


Foto: Frode Pilskog

Sommarfjøsen på Skorpa


Foto: Frode Pilskog

Sommarfjøsen på Skorpa


Foto: Frode Pilskog

Sommarfjøsen på Skorpa


Foto: Frode Pilskog

Sommarfjøsen på Skorpa


Foto: Frode Pilskog

Sommarfjøsen på Skorpa


Foto: Frode Pilskog