Details page

Gravrøysa Oshaugen


Foto: Frode Pilskog
Oshaugen, ligg på ein naturleg kolle. Gravrøysa er 45 m i tverrmål og 6 m høg. I toppen er eit 12 m vidt og 2 m djupt søkk. Søkket er restar etter utgravingar og steinuttak. Biskop Jacob Neumann sette i gang utgraving her i august 1837. Gravinga vart meldt avslutta i 1860. Dei lokale bøndene som gjennomførte gravingane fortalte at det "fandtes paa bunden derav et lidet hellesat rum med overligger, hvorunder der kun var jord". I den nordvestre skråningane ligg ei 1 m vid steinhelle i dagen, som kan stamme frå det hellesatte romet. I tillegg fant man ein gullring frå romartid. Det er sannsynleg at dette er ei grav frå romartid som er lagt ned ein enda eldre gravrøys frå bronsealder. Frå gravrøysa har ein godt utsyn mot skipsleia


Gravrøysa Oshaugen


Foto: Frode Pilskog

 

 

 

Gravrøysa Oshaugen


Foto: Frode Pilskog