Details page

Øydelagte gravhaugar


Foto: Frode Pilskog
Funnstad for to gravhaugar. Skriftlege kjelder frå 1830-talet fortel om ein offerstein. Den eine gravhaugen var bygt rundt denne. Om lag 20 m bortenfor låg ei skipsgrav. I 1914 vart grava opna, og man fann ein båt på storleik med ein sunnmørsfæring. Båten var klinkbygd med 2-3 bordgangar og høge stamnar. I båten vart det funne omlag 20 perler. Omlag 1 m framfor båten låg eit bronsefat med ei grå leirkrukke i. Under fatet låg eit sverd. Bortsett frå ei brent perle kom alt vekk og båten morkna bort i vårsola