Details page

Handelstaden Kjeldsund


Foto: Frode Pilskog
Kjeldsund, ein gamal handelstad. Den første handelsmannen vi kjenner til er Rasmus Simonsen som tok borgarskap i Bergen 1620. Kjelder frå 1785 fortel at Kjeldsund er bekvemt og fornøden. Staden er bygt ved ein straum der almuen frå 3 skipreder, Rovde, Volda og Ørsta, reiser igjennom. Som oftes tek dei natteherberge her og forsynes med det naudsynte. På Kjeldsund vart det første postopneriet i Herøy opna i 1804. Herøy og Rovde Sparebank vart starta her i 1843. Den siste handelsmannen var kremmarsonen Enok Svendsen frå Ørstavik og son hans Erik. Enok dreiv og handel i Fosnavåg og på Flåvær. Erik overtok i 1898 og dreiv til 1936. I tidsbolken 1948 til 1955 vart staden nytta som husmorskule. I byrjinga av 1960-talet vart Kjeldsund kjøpt av Det norske misjonsselskap som driv leirskule her