Details page

Sørhaugøy fyrstasjon


Sørhaugøy fyrstasjon ble tend første gong den 1. desember 1846. Sørhaugøy ligg ved det nordlege innløpet til Haugesund, fyret skulle såleis fungere som innseglingsfyr til byen. Fyret blir ofte omtale som Tonjer fyr, namnet på den sørlege delen av øya. Fyret ligg i eit nokså beskytta farvatn nærme land. Vinterstormar har likevel skapt store problem for fyrfolka på øya. Særleg dramatisk blei det i februar og mars 1854. Kona og sonen til fyrvaktaren var svært sjuke. Ein lege blei henta frå Haugesund, men klarte ikkje å redde liva deira. Etterpå blei legen liggjande verfast på fyret i tre veker. Sørhaugøy fyrstasjon ble avfolka tidleg, allereie i 1952 blei fyret erstatta av ei fyrlykt. På 1970-talet gjennomførde frivillige eit betydeleg restaureringsarbeid på fyret. Det blei deretter gitt i gave til Karmsund folkemuseum. Freda i 1998.