Details page

Fjøløy fyrstasjon


Fjøløy fyr blei i 1849 oppretta som eit fiskefyr. Dette innbar at brennetida skulle avgrensast til drøye to månader mellom 21. desember og 1. mars. Det blei difor ikkje tilsett nokon fast betening, ein oppassar frå lokalmiljøet hadde i oppgåve å sørge for drifta. I 1855 var brennetida utvida til 10 månader, og fyret fungerte såleis meir som eit leifyr. Fyrvoktar blei tilsett og anlegget blei 12 år seinare oppgradert med ein skikkeleg bolig. I 1977 blei fyret automatisert, men den pensjonerte fyrvoktaren budde framleis på fyranlegget og blei tilsett som tilsynsmann. Fjøløy fyr fungerer i dag som representasjonsfyr for Kystverket, og er ikkje ope for publikum. Fyret ligg i et fint turområdet som er tilgjengeleg for alle.