Details page

Eigerøy fyrstasjon


Ein offentleg oppnemnd fyrkommisjon fekk i 1852 i oppdrag å avgjere plasseringa til eit kystfyr mellom Lista og Kvitsøy. Fyrdirektøren meinte at det viktigaste var at lyset kunne sjåast langt til havs, og fungere som første landkjenning for skip på veg sørfrå mot jærkysten. Skip frå nord skulle kunne sjå fyret og gå klar av Kvassheim og Ogna-bukta. Såleis falt valet på Eigerøy. I 1854 blei fyret sett i drift, som det første støypejernsfyret i Norge. Eigerøy fyr blei automatisert i 1989. Eigersund tok seinare over fyranlegget, og gjorde det om til eit kystkultursenter. Anlegget er tilrettelagt for overnatting, og det er kafe i fyrvaktarboligen kvar søndag.