Details page

Lille Presteskjær fyrstasjon


Lille presteskjær fyrstasjon ligg ved innløpet til Rekefjorden. Det hadde vore etterspurd fyrsikring i dette området sidan midten av 1800-talet. Det tok tid før staten proriterte fyret på lille Presteskjær, det blei sett i drift først  i 1895. Fyret ligg, som namet tilseier, på eit lite skjær, der det knapt var plass til noko anna enn fyrtårnet. Uthuset blei sett opp på naboskjæret, store Presteskjær. Det var aldri noko tåkesignal på fyret. I mellomkrigstida hadde fyrvaktaren ein hund som var dressert i å svare på skipa sine dampfløyter. Hunden var til god hjelp, særleg for postruta som regelmessig anløp Rekefjorden. I 1973 blei lille Presteskjær fyrstasjon automatisert og avfolka. I dag er fyret tilrettelagt for utleie og overnatting.