Details page

Stegleholmen


Foto: Frode Pilskog
Rett nord for øya Herøy ligg ein liten holme som har vore ein gamal avrettarstad. Slike holmar har me fleire av her i regionen, og det finst mange langs heile kysten vår. Namnet kjem av ein gamal torturmetode, der kroppen vart festa til eit hjul. Seinare nytta ein ordet om å sette hovuda av den avretta på stakar. Svenskar halshogde i Herøy i 1564 I ei kopibok frå Bergenhus i riksarkivet i Kjøbenhavn, (Norge I nr.10), er inntekne nokre brev som syner, Eirik Munk var førar for den hær og flote som siglde nordetter frå Bergen 26.april 1564 for å vinna attende Trøndelag frå Claude Collart som var hærførar for svenskekongen Eirik XIV. Nordanfor Statt la Eirik Munk fyrst inn til Herøy. Her kom Frantz Kjøbenhavn, Hans Finnson, Stopher Skrivar og Hans Larsson (skrivaren), deim til møtes, medan folki deira låg litt nordanfor Herøy, på Hatløy. Dei melde at no var der ingen svenskar på Sunnmøre, dei var dregne til Romsdalen, men fem svenske speidarar var fanga her på Sunnmøre ved hjelp frå bøndene, og desse speidarane vart straks halshogde, og hovudi deira vart sette på stake på Herøy