Details page

Arkeologisk undersøking av Klosterhaugen


Foto: Håvard Hatløy
Klosterhaugen. Tradisjon for at det skal ha stått eit lite kloster på denne haugen. På Herøy, i Herøy kommune, har me ein markert haug om lag midt på øya. Her ifrå er det god utsikt både sørover og nordover hovudleia, som stryk rett forbi øya. Øya har vore ein sentral stad langt tilbake i tid, truleg lenge før kristen tid. Ulike kongar har vore innom her i sagatida, både Heilag Olav og Kong Sverre var her fleire gongar. Dei held husting her ved fleire høve. På berget vest av tufta, er det hogge inn to bumerker. Skal tru kven dei var dei personane som såg seg tid til, og ikkje minst synest det var viktig å hogge inn merka sine her. Kva slags bygning stod på haugen? Kalkmørtel i grunnfundamentet med marmor fragment, og ein kvaderstein av marmor dekt av torv, er forteljande spor. Bygninga har vore lita, ca 5 x 8 m, plassert aust/vest. Gildestove. .Ei gildestove er nemnt på Herøy i 1433, i samanheng med at erkebiskop Aslak Bolt var her på visitas. Den som har sett skinnomslaget til Aslak Bolt si jordebok, har sett eit bumerke på framsida. Dette merket er om lag eins med det eine merket på Klosterhaugen. Er dette berre tilfeldig, eller kan det vere at Aslak har hogge sitt merke her, då han var på visitas? Ein spennande tanke!