Details page

Slåtterøy fyr


Foto: og grafikk Arild Fredriksen
Slåtterøy fyr vart oppretta i 1859. Fyret vart angripen av allierte styrkar i 1940. Dei to døtrene til fyrvaktaren vart alvorleg skadd under bombinga, og livet sto ikkje til å redde for ho eine. Fyret vart og råka av angrepet, men vart bygd opp att og seinare forbetra og elektrifisera, slik at på 1950-talet var Slåtterøy fyr det sterkaste fyrlyset i Noreg. Slotterøy fyr vart avfolka i 2003. I dag har Kystverket samarbeid med foreininga Venner av Slåtterøy fyr om ny bruk av fyrstasjonen. Staten ved Kystverket eig fyrstasjonen, som er freda etter kulturminnelova. Fyret og farvatnet - I 1828 oppretta staten for fyrste gong ein fyrkommisjonen, for å vurdere kor det var behov for å byggje fyrstasjonar. Spørsmål om fyrmarkering av innseglinga til Bergen var da sentral. Den lange seglasen innanskjers frå Skudenes var etter kommisjonen si meining ofte “til stort besvær”, men dei lukkast ikkje og einast om plasseringa av fyr. Seinare fyrkommisjonar vurderte tre moglege innseglingar til Bergen med tilhøyrande fyrlys -Fugløy, Marstein og Slåtterøy. Sistnemnde alternativ vart valt på grunn av si plasseringa ved innseglinga til den breie og relativt reine Selbjørnsfjorden.