Kvitholmen fyr

Kvitholmen fyr


Foto: og grafikk Arild Fredriksen
Kvitholmen fyr vart oppretta allereie i 1842. Det var den fyrste fyrstasjonen som kom i stand etter at Fyrdirektoratet vart skipa året før. Det var ein stor jobb å reise Kvithomen fyrstasjon, og arbeide strakk seg over tre sesongar, sjølv om det var over 100 mann i sving. Den særs ver utsette plassen gjorde det ikkje enkelt - Ein gjenværande tilsynskar fortel om ein orkan i 1841, korleis sjøen slo over høgaste punkt på holmen, og tok med seg både delar av bygningane og utstyr på havet. Kvitholmen fyrstasjon vart avfolka i 1990. I dag har Kystverket inngått samarbeid med Kvitholmens venner om ny bruk av fyrstasjonen. Staten ved Kystverket eig fyrstasjonen, som er freda etter kulturminnelova. Fyret og farvatnet - Kvitholmen vart vald som fyrstad, for å vise leia i den berykta og særs vanskelege Hustadvika. Sjølv om den fyrste fyrkommisjonen frå 1828 hadde peika ut Kvitholmen, vart det likevel mykje diskusjon om dette var rett stad for eit fyr. Mange skreiv til styresmaktene, som i si tur bedde hamnekommisjonane i Trondheim og Kristiansund om å komme med deira meiningar. Valet fall på Kvitholmen.