Details page

Eigerøy fyr


Foto: og grafikk Arild Fredriksen
Eigerøy fyr vart reist i 1854. Dette var det aller fyrste fyrtårnet i Noreg som vart laga av støypejarn. Tårnet er 32,9 meter høgt og er fora med teglstein. Støypejarnplatene – som er skrudd saman – er levert av Bærums Verk. På det meste var 75 mann i arbeid på dette prestisjeprosjektet, som vart leia av fyrdirektøren sjølv. Støypejarn som materiale til fyrtårn var ein idé som fyrvesenet henta frå England, etter ein studiereise tidleg på 1850-talet. Eigerøy fyrstasjon vart avfolka i 1989. Bygningane på fyrstasjonen vart seld i 2005, og Kystverket eig bere sjølve fyrtårnet. Fyranlegget er freda etter kulturminnelova. Fyret og farvatnet - Plasseringa av eit fyr på Eigerøy, hadde vore med i diskusjonane heilt sida den fyrste fyrkommisjonen i 1828. Då det tidleg på 1850-talet vert klaga på for lite lys på strekninga mellom Lista og Kvitsøy, fant ein det høveleg å plassere eit kystfyr på Eigerøy som ga skipa landkjenning og tryggleik for den utsette Jær-kysten.  


Eigerøy fyrstasjon


Ein offentleg oppnemnd fyrkommisjon fekk i 1852 i oppdrag å avgjere plasseringa til eit kystfyr mellom Lista og Kvitsøy. Fyrdirektøren meinte at det viktigaste var at lyset kunne sjåast langt til havs, og fungere som første landkjenning for skip på veg sørfrå mot jærkysten. Skip frå nord skulle kunne sjå fyret og gå klar av Kvassheim og Ogna-bukta. Såleis falt valet på Eigerøy. I 1854 blei fyret sett i drift, som det første støypejernsfyret i Norge. Eigerøy fyr blei automatisert i 1989. Eigersund tok seinare over fyranlegget, og gjorde det om til eit kystkultursenter. Anlegget er tilrettelagt for overnatting, og det er kafe i fyrvaktarboligen kvar søndag.