Haugsholmen fyr

Haugsholmen fyr


Foto: Frode Pilskog
Haugsholmen fyr var ein familiestasjon. Første fyrmeister var Bertram Gaustad 1876-87, deretter kom Christian Malme 1887-1907, Anton Jacobsen 1908-15, Ole Formo 1915-18, Jonas Teige 1918-45, Sigurd Pedersen 1945-63 og Trygve Werkland 1963-1979. Då Werkland gjekk av med pensjon vart fyrstasjonen avfolka og det vart tilsett ein lokal tilsynsmann. Frå 2007 er det Foreininga Frekøy fyrstasjon som vedlikeheld fyrstasjonen.