Details page

Sola lufthamn


Sola fekk første lufthamna si i Sømmevågen. Flyhamna i Hafrsfjord var ikkje rare greiene. Det heile besto av ei lita brygge som ikkje såg ut til å ha noko med flyging å gjera. Det starta i 1934 med ei kystrute frå Oslo og rundt Sørlandet til Haugesund.Drifta gjekk over all forventning. Ruta vart utvida året etter. Sommaren 1937 var Stavanger lufthavn, Sola åpna. Det var fleire grunnar til at lufthamna på Sola vart bygd og bygd så tidleg. Rogaland var isolert frå det øvrige landet geografisk. Det var ikkje jernbanesamband med Oslo. Det kom først med tyskarane si hjelp i 1944. Utbygginga av flyrutenettet var ei ny form for nasjonsbygging, ei utvikling som på relativt få år etter andre verdenskrigen skulle binda landet saman på ein heilt annan måte enn før.


Sola lufthamn

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset