Details page

Hernar


Foto: Jan-Robert Jore
Hernar er ei lita øygruppe lengst nordvest i Øygarden kommune. Hernar var tidlegare ein del av eit stort kommunikasjonsnettverk langs den norske vestkysten. Staden er kjend frå vikingtid som ei uthamn for skipa som skulle segle til vesterhavsøyene. Likeeins segla skipa som kom over havet frå vest inn ved Hernar før dei drog vidare inn Hjeltefjorden mot Bergen. På 1600-talet var Hernar ein handels-og gjestgjevarstad. Dei gamle husa ligg framleis godt bevart på øya. Sjøbruksmiljøet vitnar om at fiskeria tidlegare var livsgrunnlaget for folket på øya her vest i havet. På slutten av 1900-talet var det 10 bruk, eigen skule, butikk og over 50 innbyggjarar på Hernar. I dag er skulen og butikken lagd ned og berre ei handfull fastbuande bur på Hernar. Dei fleste husa vert i dag nytta som feriebustad.


Torv

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset