Details page

Dragseidet


Foto: Frode Pilskog
Dragseidet er det vestlegaste av dei tre eida over Stadhalvøya. Eidet er omlag 5 km breidt og er ein av dei eldste riksvegane i fylket. Namnet skal kome av at båtar vart frakta over eidet ved dårleg ver rundt Staden. Det var nok meir vanleg at ein reiste over Dragseidet og fekk seg båtskyss når ein kom til Leikanger. På det høgste punktet, Kongshaugen, står ein bauta. Lenger nord står ein steinkross som vart sett opp i 1913 til minne om kristninga av Norge. Ifølge Snorre Sturlason skal Olav Tryggvason i 997 samla leiarane frå fire fylker på Dragseidet. Dei vart bedne om å verte kristne. Tusen år seinare vart området tilrettelagt for eit sogespel Dragespelet.